Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NIDSTONGA

I norrøn tid vart nidstonga,
eit avkappa hestehovud på påle, reist over fiendar ein ville lysa ulukke over. I Klassekampen nyttar vi henne til å be nokon om å ta seg saman – eller beint fram om å ta sin hatt å gå. Vi er ikkje dei første til å be om det, men sluttar oss til kravet: Etter Fotball-VM i Qatar er det på overtid å seia Ciao til Bambino Infantino. FIFA-presidentens timelange pressekonferanse før VM-opninga kan åleine fylla ein stadion av nidstenger: «I dag har eg veldig sterke kjensler. I dag kjenner eg meg qatarsk. I dag kjenner eg meg arabisk. I dag kjenner eg meg afrikansk. I dag kjenner eg meg homofil. I dag kjenner eg meg funksjonshemma. I dag kjenner eg meg som ein migrantarbeidar.» «Eg kjenner alt dette på grunn av det eg har sett og det eg har vorte fortalt, fordi eg ikkje les, elles ville eg bli deprimert.» Sjølv kjenner vi oss nomne av skamløysa, og vonar han snarleg får rikeleg tid til å lesa på einerom. GK