Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Opprøret

For ikkje mange dagar sidan gjekk eg forbi det snart ferdige fylkeshuset i Vestland. Bygget i sentrum av Bergen skal ha to tårn, på høvesvis 13 og 11 etasjar, og kostar om lag ein milliard kroner. «Det nye fylkeshuset ser ganske bra ut», sa eg då eg gjekk forbi. Dagen etter såg eg tilfeldigvis at bygget er nominert til Grøssprisen, som Arkitekturopprøret deler ut på onsdag. «Offentlige bygninger burde ha verdighet og skjønnhet, ikke fremstå som uvennlige», skriv dei i grunngjevinga.