Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det me treng, er eit meir intelligent næringsliv

Tyngjande materie

Eit vanleg skrekkscenario for motstandarar av redusert forbruk er at det blir som å gå tilbake til syttitalet. Men for den som var ung vaksen på den tida, høyrest det heilt greitt ut. Eg var uroleg for verdssituasjonen og tenkte mykje på kva eg burde ha gjort for fred, rettferd og naturvern, og eg var ofte usikker på om det fanst ein mann som eg kunne elska og som ville elska meg tilbake. Men det fall meg aldri inn at eg skulle hatt fleire ting. Eg hadde fine klede og gode skor, eg fekk den maten eg trong, slo på den elektriske omnen når det var kaldt og dusja så lenge eg ville.