Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er ingen grunn til å frykta kunnskap. Kvifor kjem då diskusjonen om såkalla sensitivitetslesarar så fort på villspor?

Når eg skriv om andre

Eit nytt blikk: Forfattarar kan òg sitta på fordommar me sjølv ikkje er medvitne om, skriv Tharaniga Rajah - som sjølve møtte nye fordommar da ho som tamil byrja å skrive ein roman om samar. Biletet syner samar og rein på fjellet mellom Bugøyfjord og Bugøynes. Foto: Ellisif Wessel (1866–1949), Grenselandmuseet

Eg skulle jo eigentleg ikkje skriva om samar. Idéen til romanen min var ein sorgreaksjon etter 22. juli som ikkje gav slepp. Den opphavelege idéen var at svenskane bomba Oslo. Sidan Det er lenge til skumring er den fyrste romanen min, visste eg ikkje om han kom til å bli utgjeven, eller om eg i det heile makta å skriva han ferdig. Tida og pengane eg nytta til skriving og research, kom eg kanskje aldri til å få att. Difor blei det viktig at eg koste meg, fekk glede ut av prosjektet, så sat eg med noko, uansett utfall. Eg hadde ikkje lyst til å bruka mykje tid langs svenskegrensa, sjølv om det nok er nydeleg der.