Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Frå sidelinja

Perspektivrik fotballjournalistikk på glansa papir.

STJERNE: Christian Benteke er del av Belgias «gylne generasjon». FOTO: JOHN THYS
Journalistikk

Simen V. Gonsholt

Kunst og gress. Artikler om fotball 2011–2022

Journalistikk

Tolvte mann 2022, 266 sider

Tidlegare Dagens Næringsliv-journalist og noverande Vinduet-redaktør Simen V. Gonsholts fotballtekstar tek ofte mannen eller kvinna i staden for ballen. Det er ikkje meint som kritikk, berre som stadfesting av at artiklane i «Kunst og gress» er i feature -sjangeren: Det er (meir eller mindre) kunstferdig forteljande journalistikk der nærvær i situasjonar og møte med menneske står sentralt, i dette tilfellet fotballspelarar, -trenarar og -agentar – og ein serbisk livlege. Sistnemnde, Marijana Kovačević, er kjent som «morkakedoktoren» og har hatt Cristiano Ronaldo på pasientlista. I nokre innleiande merknadar omtalar Gonsholt intervjuet med den privatpraktiserande healeren som «min karrieres største journalistiske scoop».

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?