Simen V. Gonsholt
Kunst og gress. Artikler om fotball 2011–2022
Journalistikk
Tolvte mann 2022, 266 sider
Tidlegare Dagens Næringsliv-journalist og noverande Vinduet-redaktør Simen V. Gonsholts fotballtekstar tek ofte mannen eller kvinna i staden for ballen. Det er ikkje meint som kritikk, berre som stadfesting av at artiklane i «Kunst og gress» er i feature -sjangeren: Det er (meir eller mindre) kunstferdig forteljande journalistikk der nærvær i situasjonar og møte med menneske står sentralt, i dette tilfellet fotballspelarar, -trenarar og -agentar – og ein serbisk livlege. Sistnemnde, Marijana Kovačević, er kjent som «morkakedoktoren» og har hatt Cristiano Ronaldo på pasientlista. I nokre innleiande merknadar omtalar Gonsholt intervjuet med den privatpraktiserande healeren som «min karrieres største journalistiske scoop».