Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er noko uforløyst i Juli Zehs roman om klasse- og kulturkollisjon.

Privilegert pragmatisme

Dora er lei av livet sitt i Berlin, og livet med sambuaren Robert, nyfrelst smittevernfantast og miljøvernforkjempar. Det er midt under koronapandemien, og Dora bestemmer seg for å kjøpe eit hus med stor tomt i landsbyen Bracken eit stykke utanfor Berlin, der det høgreekstreme partiet Alternative für Deutschland ( AfD) har stor oppslutning. Ho skal dyrke grønsaker og vere til stades i noet. Frå å omgi seg med folk som er opptatt av same ting som henne, både kulturelt og politisk, må ho no lære seg å omgå – og helst like – folk med heilt andre samfunnssyn enn henne sjølv. Ikkje minst må ho lære seg å akseptere at ho har ein nynazistisk nabo, Gote, som viser seg å på mange måtar vere både raus og omtenksam, med praktiske eigenskapar ein kan sjå langt etter i middelklassemiljøet i Berlin.