Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tunnelen

  • Lærdalstunnelen opna i år 2000 og er den lengste vegtunnelen i verda. Han knyt saman Lærdal og Aurland i indre Sogn og er på europaveg 16, hovudsambandet mellom aust og vest i Noreg. Tunnelen er éin av mange byggjeprosjekt på cv-en til tidlegare samferdselsminister Kjell Opseth (Ap), som i si tid gav SV ja til å greie ut ringeriksbana, som vil korte ned togturen frå Oslo til Bergen med ein time, mot at dei støtta Lærdalstunnelen. Arbeidet i Sogn kom kjapt i gang. Sitjande samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (han òg Ap) føreslo i framlegget til det nye statsbudsjettet å utsetje ringeriksbana endå litt til.