Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eg har ikkje ME. Dårleg samvite får eg likevel.

Må ein legge seg ned i eit mørkt rom før me trur på at ein er sjuk?

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

I ein artikkel på tv2.no måndag 17. oktober, kjem det fram at forskarar har funne at pasientar med ME ikkje berre blir mistenkeleg- og latterleggjort rundt lunsjbord og i kommentarfelt, men at dei også møter det same i helsevesenet. Dei fleste får altfor dårleg helsehjelp, og mange får også tilbod om behandling som forverrar tilstanden. Enkelte legar seier rett ut at dei ikkje trur på diagnosen ME.