Fotball-VM er jo så kjekt. Kva gjer det om nokre tusen framandarbeidarar døyr medan dei byggjer stadiona for luseløn utan fri eller andre rettar? Det er jo faen ikkje noko bra i Kina heller. Dei undertrykkjer jo folket og likevel koste vi oss med OL både om sommaren og vinteren. Sist VM var jo i Russland, og ein treng ikkje følgje godt med i nyhenda for å få med seg at dei som sit i styre og stell der, er riv ruskande galne. Sovjetunionen og Nazi-Tyskland har hatt OL òg, men kven var det som klaga då? Nei, alle sat berre med mobilane sine og såg på fjernsyn som om alt var såre vel!
Det er umogleg å ikkje la seg underhalde av VM.