Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NATUR

Ung dagbok på gamal klode

KNUT LØVÅS

Somme opplevingar er så intense at dei må skrivast ned for å bli tekne ordentleg inn.

Nokre bøker er så spesielle at du undervegs i lesinga kan ta til å lura på om det du veit om denne boka, verkeleg kan vera tilfelle. Om dette er autentisk. Du tek deg i å lesa om att på baksida og søkjer opp informasjon om forfattar og bok på nettet. Slik har eg hatt det med dagboka til den unge irske forfattaren Dara McAnulty, «Diary of a Young Naturalist». Han var kring 15 år då han byrja å skriva denne dagboka, og han skildrar eit år av sitt liv.

Helge Torvund er psykolog og forfattar.