Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å gå

I helga har Venstre landsmøte. Då Lars Sponheim vart vald inn til Stortinget for Venstre for første gong i 1993, så gjekk han frå garden sin i Ulvik til Stortinget i Oslo. Han gjorde det for å heidre den førre stortingsrepresentanten frå Ulvik, som hadde gjort det same. Før i tida var det jo slettes ikkje så uvanleg å gå når ein skulle til stader langt vekke. Då brukte folk det ein gjerne kallar for «apostlenes hester».