Han er seint ute. Ola Honningdal Grytten kjem med vande steg mot inngangen til Noregs Handelshøgskule (NHH) i Bergen berande på ei kastanjebrun pc-veske i skinn. Han haltar ørlite grann. Hofta er kunstig.
Ola Honningdal Grytten blir heile tida spurt om å gi råd. Altfor ofte innser han at han ikkje burde sagt ja.