STORTINGET: Den urolegen situasjonen i verda gjer det viktig at partia på Stortinget viser at dei også kan stå saman, meiner statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). – No gjeld det, sa statsministeren då han talte til Stortinget i trontaledebatten onsdag. Støre teikna eit mørkt bilete av det som skjer rundt oss, og trekte fram krigen i Ukraina, energikrise i Europa og aukande inflasjon. På spørsmål frå NTB om kva det er som «gjeld no», svarer Støre dette: – No gjeld det at vi viser evna til å stå saman. Det er den sterke sida til demokratiet. Vi har meiningsbrytningar, usemje i Stortinget, men når det verkeleg gjeld i forhold til forsvar og verdiar, så står vi også saman. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Retro
Dagboka
- Velkomen til dei glade syttiåra. Det er berre å finne fram slengbuksene og klippe håret i ein litt snål frisyre. Det er energikrise i Europa og vi førebur oss på rasjonering av energi, det er både kraftig prisstiging og renta er på veg oppover, den økonomiske veksten stoppar opp, og vi må finne ut om staten eller marknaden løyser det problemet best. Vinylplatene er populære som berre det, det same kan ein seie om analoge fotoapparat. Russland slit med sin vietnamkrig, og i Oslo Rådhus er det jamvel ein liten iransk revolusjon der Siavash Mobasheri har teke over makta i vippepartiet Raudt.