Lågmælt og gripande, men litt for episodisk.
Turnéteateret i Trøndelag
Av Nina Wester
Scenografi og kostyme: Ingvild Rømo Grande/Sir Grand Lear
Koreografi: Live Strugstad
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Ingunn Beate Strige Øyen, Marte Mortensdatter Steinholt, Mats Gukild og Tore B. Granås
Til alle tider har det vore ungar som av ulike grunnar har falle utanfor det fleirtalet oppfattar som normalen. I dag sit diagnosane laust, samstundes som det knapt er att nokon av dei gamle institusjonane dit ungar med tilpassings- eller læringsproblem blei sende. Nokon for å få hjelp, men alt for mange for å bli stuva bort.