Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Éin av fire droppar mammografi

HELSE: Kvar fjerde kvinne som blir tilboden undersøkingar for å sjekke om dei har brystkreft, droppar mammografitimen. Oppmøtet varierer rundt om i landet. Alle kvinner i Noreg i alderen 50–69 år får tilbod om røntgenundersøkingar annakvart år. 25 år med Mammografiprogrammet har medført at brystkreftsvulstar blir tidlegare oppdaga enn før, og dødelegheita til kreftforma er redusert med 20 prosent. Men andelen inviterte som ikkje møter opp, har dei siste fem åra halde seg stabilt rundt 74–76 prosent. – Jo tidlegare brystkreft blir oppdaga, jo betre blir prognosen og behandlinga meir skånsam, seier Ellen Harris Utne i Brystkreftforeningen. ©NPK