ALKOHOL: KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland meiner alle typar øl må stå i kjøleskap i butikkane. Dersom ikkje dette er mogleg, må alle øltypar seljast i romtemperatur. For å få det til foreslår han å endre alkohollova. Ei undersøking frå alkovit-organisasjonen Av og til viser at berre éin av fire butikkar i Oslo sel alkoholfritt øl frå kjøleskap. Det store fleirtalet av butikkane prioriterer kjøling av alkoholhaldig øl, skriv Dagen. Bjuland reagerar på forskjellsbehandlinga. – Her må kommunane gripe inn og gjere noko med salsløyvet. Dei må likebehandle alkoholfri og alkoholhaldig drikke, seier han til TV 2. Slik vil KrFU gjere det enklare å velje alkoholfritt. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Søndag er det 50 år siden folket sa nei til norsk medlemskap i EF.
Nei-et som forandret Norge
Kommentar

«Vi vant folkeavstemningen i 1972, men tapte EF-kampen hver dag etterpå», skal SFs Finn Gustavsen ha sagt.