50-årige Albert Åberg er enno ein livleg førskolegut.
(Alfons Åberg, Sverige, 2022)
Regi: Tomas Alfredson.
Manus: Gunilla Bergström.
Norsk forteljar: Thorbjørn Harr.
Sjanger: Animasjon.
Aldersgrense: Tillaten for alle.
Lengde: 57 min.
Den svenske forfattarenGunilla Bergström døydde i august i fjor, året før ho ville ha runda 80 samstundes som hennar mest kjende barnebokfigur Albert Åberg rundar 50. Bergström rakk likevel å setja sitt «godkjentstempel» på ein serie nye filmatiseringar av Albert-bøkene. Dei fem første kortfilmane er samla på kino under den høvelege tittelen «Fest hos Albert Åberg». Dei er ein slags «bokfilmar» og er verkeleg verdige Albert-jubileet og Bergströms minne!