- Oslo er ein by med parallellsamfunn, og eitt av dei er Frogner. Og som einskilde andre parallellsamfunn består også Frogner av personar som har innvandra. Influensar-duoen Vanessa Rudjord og Synnøve Skarbø kom, i likskap med «Sex og Singellivs» Carrie Bradshaw, ein gong som unge jenter flyttande frå bygd og småby til Oslo for å søkje lukka. Og lukka fann dei til gangs: I motebransjen, på Oslo vest, på kjendisfestar, og resten er historie. I sommar gifta Rudjord seg i Paris med heile Kjendis-Noreg, inkludert kronprinsesse Mette Marit, på gjestelista. No skal ho og Skarbø starte skjønnheitssalong for «estetisk medisin» på Frogner saman med skodespelarvenn Pia Tjelta. Den siste veka har kritikken hagla mot venninnene, som nyttar «kvinnehelse» i lanseringa av salongen. Greitt nok. Men det bør ikkje overraske nokon at det finst ei alternativ røynsle på Frogner, der den viktigaste kapitalen til ei kvinne er måten ho ser ut på.
Frogner
Dagboka