KRISETAL: I Bergen stupar Ap til eit historisk botnnivå. – Me må ut og møta folk, seier leiar for LO i Bergen og Omland Fauzia Hussain-Wiik, som sjølv stiller til val for partiet.
Nedturen til Ap i Bergen ser ut til å halda fram. På ei fersk meiningsmåling som Respons har gjort for Bergens Tidende, fell partiet til 14,9 prosent, berre hakket framfor SV som får 12,13 prosent.