RÅD: Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har fått råd frå Forsvarsbygg om å kjøpa inntil 30 prosent av reinhaldet frå private, også framover. Det er eit råd han no vurderer.
Regjeringa har lova å ta reinhaldarane i forsvarssektoren inn igjen i eigne rekker, men på forsvarsministerens bord ligg ein rapport som tilrår å halda fram med å kjøpa reinhald frå private leverandørar.