Dagboka
Regjering
- På snittet av meiningsmålingane så langt i september har Arbeidarpartiet og Senterpartiet ein samla oppslutnad på 25,7 prosent. Det er det lågaste dei har hatt sidan nettstaden Pollofpolls.no starta med oversiktene sine i 2008. Om dette vart resultatet ved eit stortingsval, ville den samla oppslutnaden til dei to partia ha vore den dårlegaste sidan stortingsvalet i 1921. Det var året etter at Bondepartiet vart stifta. Dei greidde berre å stille lister nokre få stader rundt om i landet og hamna ikkje på Stortinget. «Bonde- og fiskerlisten» i Hordaland gjorde det best og fekk 0,14 prosent oppslutnad. Arbeidarpartiet fekk på si side 21,3 prosent og 29 mandat på Stortinget.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent