HANDEL: Folk har rett til å betale med kontantar om dei ønskjer det, meiner regjeringa, som no vil klargjere reglane rundt kontantbetaling. – Det er behov for å klargjere reglane og styrkje retten forbrukaren har til kontant betaling. Kontantkrisa som oppstod i forkant av 17. mai i år, viste at kontant betaling også må varetakast av beredskapsomsyn, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding. I forslaget regjeringa sende på høyring, heiter det at forbrukaren ha rett til å betale med kontantar i alle betente faste forretningslokale der næringsdrivande sel varer eller tenester til forbrukarar.©NPK