Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fekk rekordhøgt snitt

UTDANNING: Avgangselevane i grunnskulen for skuleåret 2021–2022 hadde i gjennomsnitt 43,4 grunnskulepoeng. Det er ein liten auke frå året før og dermed rekordhøgt. Det skriv Utdanningsdirektoratet. Tala viser at jentene i snitt har høgare karakterar enn gutane i dei fleste fag. Blant dei største faga er det berre i kroppsøving at gutar har høgare snitt enn jentene.©NPK