Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utval vart skremt av Bø

SKATT: I 2019 skrudde Bø i Vesterålen formuesskatten kraftig ned for å tiltrekkje seg nye, rike innbyggjarar. Sånt bør ikkje kommunar lenger få lov til, meiner Inntektssystemutvalet. – Skattesatsane for skatt på inntekt og formue bør vere faste satsar. Kommunane bør ikkje ha moglegheit til å endre desse, slår utvalet fast. I går overleverte det regjeringsoppnemnde utvalet rapporten sin til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). I vel to år har utvalet jobba med å gå gjennom dei ulike elementa i inntektssystemet for kommunane med tanke på å sikre ei jamnast mogleg fordeling slik at kommunane kan tilby likeverdige tenester til innbyggjarane sine.©NPK