Litterær film i aller beste forstand.
(Gûzen to sôzô, Japan, 2021)
Regi og manus: Ryusuke Hamaguchi
Med: Kotone Furukawa, Kiyohiko Shibukawa, Katsuki Mori, Fusako Urabe, Aoba Kawai, Hyunri
Sjanger: Drama
Lengde: 2 t. 1 min.
Vist på: Kino
2021 var det store gjennombrotsåret for den japanske filmskaparen Ryusuke Hamaguchi. Han kom ut med heile to oppsiktsvekkjande gode filmar som fekk viktige festivalprisar i høvesvis Berlin og Cannes. Medan «Drive My Car» vann Oscar, har «Wheel of Fantasy and Fortune» kome i skuggen av suksessen. Anonymiteten skuldast likevel i første rekkje koronapandemien, som reduserte Berlinalen til ein heildigital affære for presse og bransje. Det øydela lanseringa for fleire sterke filmar. Det er difor prisverdig at «Wheel of Fantasy and Fortune» no kjem på kino.