Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Novellekunst på film

ER DET DU? To gamle veninner opnar seg for kvarandre på ei skolegjenforeining, men vilkåra for intimiteten er ikkje slik dei trur. FOTO: ANOTHER WORLD ENTERTAINMENT

Litterær film i aller beste forstand.

(Gûzen to sôzô, Japan, 2021)

Regi og manus: Ryusuke Hamaguchi

Med: Kotone Furukawa, Kiyohiko Shibukawa, Katsuki Mori, Fusako Urabe, Aoba Kawai, Hyunri

Sjanger: Drama

Lengde: 2 t. 1 min.

Vist på: Kino

2021 var det store gjennombrotsåret for den japanske filmskaparen Ryusuke Hamaguchi. Han kom ut med heile to oppsiktsvekkjande gode filmar som fekk viktige festivalprisar i høvesvis Berlin og Cannes. Medan «Drive My Car» vann Oscar, har «Wheel of Fantasy and Fortune» kome i skuggen av suksessen. Anonymiteten skuldast likevel i første rekkje koronapandemien, som reduserte Berlinalen til ein heildigital affære for presse og bransje. Det øydela lanseringa for fleire sterke filmar. Det er difor prisverdig at «Wheel of Fantasy and Fortune» no kjem på kino.