Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Problemet med ku-promp

I løpet av berre to veker vil ei vanleg ku ha sloppe ut så mykje metan at det er nok til å fylle opp ein stor gassbehaldar under ein gassgrill. 30 prosent av all oppvarming som har skjedd på kloden sidan førindustriell tid, er på grunn av menneskeskapte metanutslepp frå husdyrhald. På Arendalsveka i går diskuterte Bellona, Nortura og forskarar frå NMBU på Ås om det er mogleg å gjere noko med det. Kjøtprodusenten Nortura sa at dei ser på metan som ei moglegheit, og ikkje eit problem. Forskarane meinte derimot problemet var nærast uoverstigeleg.