Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ferja

  • Tida då ein kunne ringje for at ferja skulle vente, er over, fortalde reiarlaget Fjord1 til Avisa Nordhordland i vinter. Avisa skreiv om ein drosjesjåfør i Gulen som er skuffa over at ho ikkje kan halde att ferja eitt minutt eller to når ho køyrer ein dårleg pasient til sjukehus i Bergen. Sjølv om det ikkje står om liv, kan det vere tøft å vente ein heil time på neste ferje, meiner ho. «Alt skal bli meir effektivt, men kvar er det menneskelege oppe i dette?» spør ho retorisk. Fjord1 seier dei må halde seg til kontraktane, og om dei skulle teke att eitt minutt eller to på overfarten, ville det ført at dei steig over grensene for CO2-utslepp.