Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med den homeriske sola i andletet drog dei skuldlause heltane vestover. Men kva løynde seg i dei store fridomsorda?

Det demokratiske imperiet

EIGEN HERRE: Karl Oskar i skapnad av Max von Sydow legg seg ned for å ta seg ein fortent blund under det store treet han nett har skore bumerket sitt i. STILLBILDE FRÅ UTVANDRARNA, 1971, EVERETT COLLECTION/NTB Courtesy Everett Collection

«Eros er statsmann! Hellas er attfødt i det amerikanske demokratiet!» I ein viktig tale feirar Tysklands største diktar Thomas Mann republikken og demokratiet i Beethovensaal kvelden 13. oktober 1922 i Berlin. «Kommilitonen!» Han må fleire gonger irettesetje høgreradikale studentar som ropar ukvemsord frå salen av stivpynta prominens. Berre fire år før hadde han sett punktum for eit veldig krigsessay. Kunstnaren var der ein ironikar i løynlege samtalar med «General Dr. von Staat». No hadde han snudd radikalt. Monarkiet var ein blodraud fillekonge som hadde svindla alle med sin «imperiale gallaopera». Den medlidande, resignerte, blodfattige fornufta var likevel ikkje berginga. Han siterer i staden den amerikanske skalden Walt Whitman. Det ytst radikale grepet Mann no gjer, er å røske romantikkens homoerotiske heltekult ut or statens kalde jernklør og gje han attende til demokratiet. Demokratiet var ein romanse mellom frie og like menn.