Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vernepliktige må ta med eigne sko

FORSVARET: Forsvaret opplever utstyrsmangel på skytebriller, joggesko og handkle. Vernepliktige som møter til førstegongsteneste i haust, blir bedne ta med eigne joggesko. Det gjeld vernepliktige som møter opp frå oktober. Årsaka er at det nesten er tomt for nokre av joggesko-storleikane, og Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) klarer ikkje levere fleire, ifølgje eit dokument Forsvarets forum har fått innsyn i. FLO oppmodar forsvarsgreinene til å vurdere om dei må endre på nokre av aktivitetane sine som følgje av utstyrsmangelen.©NPK