Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På halvanna år har Senterpartiet mista 17 prosentpoeng på meiningsmålingane til Klassekampen:

Framgangen viska ut for Sp

RETT NED: Det går trått for Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet om dagen. Dei har mista 17 prosentpoeng av oppslutnaden på målingane sidan januar 2021. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN

LITE ATT: Senterpartiet er attende der dei var før oppturen starta. Partiet gjer si dårlegaste måling hos Klassekampen på mange år.

Hugsar du då det var krise i Senterpartiet, og feiden mellom Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe rei partiet som ei mare? Etter årevis med framgang og vekst, er partiet no tilbake til den låge oppslutnaden dei hadde då det stod på som verst.

Vi må heilt attende til oktober 2016 for å finne ei meiningsmåling i Klassekampen som er like dårleg for Senterpartiet som dagens måling. Berre 5,6 prosent får regjeringspartiet, og det er ein nedgang på 17 prosentpoeng sidan toppnoteringa på 22,6 prosent i januar 2021.

Stortingsrepresentant Geir Pollestad har blitt vant til å svare for dårlege målingar.

– Det er jo ei måling som vi ikkje er fornøgd med, eit resultat som er langt unna der vi ønskjer å vere, sjølvsagt. Og som også er eit tydeleg signal om at her har vi jobb å gjere, seier Pollestad.

Lite handlekraftig

Dei siste månadane har Senterpartiet stort sett forklart dei elendige målingane med at dei må handtere krevjande saker som krigen i Ukraina, straumkrisa og dei galloperande matvareprisane.

Ofte er det slik at ei regjering tvert om styrkjer seg gjennom ei krise, slik det skjedde med den borgarlege regjeringa under koronapandemien og den raudgrøne regjeringa under finanskrisa i 2008 og 2009. Pollestad innrømmer at dei ikkje berre kan skulde på andre, eller det som skjer rundt dei.

– I starten brukte vi for lang tid på nokre saker, kanskje fyrst og fremst straumstøtta. Vi fekk han fram ganske raskt, men det oppstod likevel eit vakuum der vi var utydelege, og det heng nok framleis att, trur eg.

Pollestad meiner også at ein del av den massive nedgangen som Senterpartiet no går igjennom, handlar om at regjeringa har utfordra mektige interesser i det norske samfunnet, som gjer til at dei møter mykje motstand.

– Når vi deler opp att fylka eller reverserer domstolsreforma, så går vi mot mektige elitar. Og når vi kuttar kraftig i bruken av PR-byrå i det offentlege, så går vi mot noko av det ypparste vi har av elitar her i landet. Det er ikkje slik at dei hadde røysta på Senterpartiet viss vi ikkje hadde gjort det, men dei er med på å definere ordskiftet, og dei er med på å skape ein motstand mot Senterpartiet, seier Pollestad.

Trur det vil snu

Sjølv om det går stadig nedover på målingane, har han trua og fortel om god stemning i stortingsgruppa. På sikt trur han også at målingane vil snu att.

– Vi har eit langsiktig prosjekt med denne regjeringa, og det er å forandre Noreg til eit land med mindre skilnadar både geografisk og sosialt. Vi vil skape eit samfunn med mindre skilnader mellom folk, og når det prosjektet byrjar å bere frukter, så trur eg også at dette vil snu, seier han.

God måling for SV

SV gjer ei svært god måling, og er nesten dobbelt så store som Senterpartiet, med ein oppslutnad på heile 10 prosent. Til samanlikning får SV 8,3 prosent på gjennomsnittet av meiningsmålingane den siste månaden, ifølgje nettstaden pollofpolls.no.

Fungerande partileiar i SV medan Audun Lysbakken er i pappapermisjon, er Kirsti Bergstø. Ho er strålande fornøgd med den gode målinga.

– Dette er ei gledeleg måling. Vi jobbar kvar einaste dag for at skilnadane mellom folk skal bli mindre, og for å kjempe mot klima- og naturkrisa. Målingar som dette syner at det også er noko folk er opptekne av, seier ho og held fram:

– Sidan valet har vi vore gjennom fleire forhandlingar med regjeringspartia på Stortinget. Der har vi jobba for å få ned skilnadane mellom folk og for å kome i gang med eit rettferdig grønt skifte. Det trur eg folk har lagt merke til, seier Bergstø.

Mykje gjennomslag

Ho trur den gode oppslutnaden til SV rett og slett handlar om at partiet har fått gjennomslag for mykje politikk.

– Tidlegare vart barnetillegget for uføre kutta, det skjer ikkje lenger. Frå hausten får fyrsteklassingar gratis halvdagsplass på SFO, og vi har fått gjennom ein meir rettferdig straumstøtte for folk som slit med rekningane. Dette er viktig politikk for vanlege folk, seier Kirsti Bergstø.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production