Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Betre før

  • T-bana stoppar alltid ekstra lenge på Tøyen om morgonen. Etter at dørene har lukka seg, blir det heilt stille vogna. Plutseleg høyrer eg trommer i det fjerne. «Young man, there’s no need to feel down». Høyrer eg stemmer? «I said, young man, pick yourself off the ground». Eg kikkar opp frå mobilen min, men dei andre glor framleis ned i sin. «I said, young man, ‘cause you’re in a new town». Når eg endeleg snur meg ser eg sidemannen min, seint i tjueåra, med dårleg isolert headset, lukka auge og hovudet plassert djupt i handflata. Hovudet nikkar opp og ned i takt med foten, som tappar forsiktig på golvet. «There’s no need – to – be – un – hap – py». Kvar strofe resonnerer djupt i sjela hans, og eg unner min nye venn å køyre seg opp med ein god gammal slager før arbeidsdagen.