Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tidlegare ordførar frifunnen

KORRUPSJON: Den tidlegare Nittedal-ordføraren Hilde Thorkildsen (Ap) er frifunnen i lagmannsretten for grov korrupsjon. Det stadfestar advokaten hennar til Romerikes Blad. Dermed kom lagmannsretten fram til same rettsavgjerd som tingretten, opplyser advokat Thomas Skjelbred til avisa. – No er eg berre glad. To samrøystes dommar har frikjent meg. Eg er så letta over å bli trudd, skriv Thorkildsen i ei tekstmelding til avisa. Også den medtiltalte forretningsmannen er frifunnen. Ifølgje tiltalen var Thorkildsen som ordførar involvert i behandlinga til kommunen av saker der den næringsdrivande mannen hadde interesser og eigarskapar.©NTB

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production