- På under eit døgn har pengane rent inn til Ammehjelpen, som etter lengre tid med trong økonomi såg seg nøydde til å be folk om pengehjelp for å sikra den vidare drifta. Og det tok ikkje lang tid før folk stilte opp. På under eit døgn var det kome inn 2,7 millionar kroner via Spleis og Vipps, skriv NRK. Ammehjelpen er ein frivillig organisasjon som har gitt ammehjelp til barselkvinner sidan 1968. Hjelpa er det i dag kring 180 frivillige som står for, men det trengst pengar for å drifta organisasjonen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene