Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at dette er siste utgåve av Bokmagasinet før sommaren. Pocketbøkene er pakka, kofferten klar, men vi henger ikkje hatten på ein solstråle: Vi er tilbake i august for å gå den mørke og stormfulle bokhausten i møte. Kritiske merknader om den lange feriestenginga kan leggast til side til hausten eller sendast per flaskepost – gjerne direkte til debattredaksjonen, så har dei stoff når agurktida kjem.