Den fjerde nattevakt
Den fjerde statsmakt har fått æra for Watergate-avsløringa, men det var ei nattevakt som slo alarm 17. juni 1972.
Forspelet: I 1971 vann amerikansk presse ein viktig prinsippsiger over staten og den sitjande presidenten, Richard Nixon. Høgsterett slo då fast at The New York Times og The Washington Post hadde rett til å publisera dei topphemmelege Pentagonpapira utan risiko for straffeforfølging.
Pentagonpapira dokumenterte USAs militæropptrapping i Asia etter andre verdskrig og Det kvite hus’ løgner om dette gjennom drygt 20 år og fem presidentar. Blant det som vart halde løynd for borgarar og soldatar, var vurderinga av at Vietnamkrigen ikkje kunne vinnast. Det var desse løgnene Nixon ville halda skjult då han freista å stoppa publiseringa av avisene og truga eigarar og redaktørar med fengsel.
I 2017, då Donald Trump gjorde journalistiske medium til hovudfienden for sitt løgnregime, henta Steven Spielberg fram historia om Pentagonpapira og den historiske høgsterettsdommen i filmen «The Post». Det er eit stykke klassisk, amerikansk filmforteljing med sterk samtidspolitisk og kulturhistorisk resonans. I sluttbilda ser vi The Washington Posts eigar Katharine Graham (Meryl Streep) i avisas trykkeri, sjølve konkretiseringa av pressefridomen, medan ho prisar seg lukkeleg for at striden med den hemngjerrige presidenten er over.
Røysta hennar heng enno i høgtalarane når filmen skiftar scene til sommaren året etter og vi får glimt av ei nattevakt (JaQwan J. Kelly) som melder inn eit innbrot i Watergate-bygget. Det er eit dobbelt frampeik: mot The Washington Posts største avsløring nokosinne og mot «Alle presidentens menn» (1976), filmen som stadfesta den trykte pressas identitet og legitimitet som «den fjerde statsmakt».
Innbrotet: The Washington Post, og pressa generelt, har i 50 år hylla seg sjølv for opprullinga av Watergate-skandalen, med god hjelp frå film- og tv-industrien, som har dyrka gravejournalistmyten heilt frå Robert Redford og Dustin Hoffman kanoniserte journalistane Bob Woodward og Carl Bernstein. Denne forteljinga er ikkje gale, men einsidig.
Opprullinga av USAs største, politiske korrupsjonsskandale hadde kanskje ikkje ein gong skjedd, i alle fall ikkje slik vi kjenner saka, om det ikkje var for den vakne vaktmannen Frank Wills, som får sluttscenen i «The Post».
Frank Wills var fast vakt på nattskiftet (frå midnatt til sju om morgonen) i kontorbygget som gav namn til skadalen som til slutt felte president Nixon. Berre ein halvtime etter midnatt 17. juni 1972, for nøyaktig 50 år sidan i dag, oppdaga Wills teip på nokre dører til ein trappeoppgang frå parkeringskjellaren under The Watergate Office Building. Teipen var fest over låsane, slik at dørene ikkje gjekk i slå. Wills reiv av teipen (i den tru at vaktmeistrane hadde gløymt å fjerna han etter noko arbeid), men på neste runde, ein time seinare, var teipen tilbake. Då ringde Wills politiet.

Det enorme Watergate-komplekset var på byrjinga av 1970-talet seks nybygde og svært attraktivt lokaliserte kontor- og burettslagsbygg, fulle av hovudstadens byråkratar, lobbyistar og politikarar. Det einaste lokalet som vart endevendt den aktuelle natta, var kontora til Det demokratiske partis nasjonale komité (DNC). Altså «hjernen» i partiorganisasjonen, der partiet tenkte ut sine valkampstrategiar.
I 1972 var det presidentval, og republikanaren Richard Nixon stilte til attval.
Skandalen: Fem menn vart arresterte i DNCs lokale, nokre av dei var tidlegare CIA-agentar. Dei brukte gummihanskar og bar blant anna på dyrt avlyttingsutstyr. Dei sofistikerte walkietalkie-ane sine hadde dei ikkje nytte av, for han som skulle halda utkikk på gata, forstod ikkje at dei sivilkledde mennene som dukka opp, var politietterforskarar. Innbrotstjuvane marsjerte roleg ut med hendene i vêret.

Watergate er med alle sine vanvitige detaljar ein slik skandale som «ingen» kunne ha dikta opp, og hendingsgangen av eit slikt slag som best lèt seg forstå i ettertid. Det byrja i den republikanske Komiteen for attval av presidenten (CRP), der fleire av Richard Nixons næraste medarbeidarar var direkte involverte i eller informerte om planane for ein rein etterretningsaksjon mot Det demokratiske partiet. Mannen som «godkjende» innbrot og avlytting av opposisjonspartiet sine partikontor i Watergate-bygget, var justisminister John Mitchell. Komiteen for attval av presidenten var full av maktmenn som kjende seg heva over lova. Planen var kriminell frå første stund, men dekkoperasjonen etter arrestasjonane 17. juni skulle gjera alt verre.
Den mest kuriøse anekdoten er kanskje den om kidnappinga av John Mitchells kone, den uvitande Martha Mitchell, som kjende ein av dei arresterte CIA-mennene frå omgangskrinsen til ektemannen. I tillegg var livvakta til fru Mitchell den same (eks-) FBI-karen som mislukkast i å halda vakt under innbrotet. I veka etter arrestasjonane vart Martha Mitchell mot sin vilje, og med makt, halden isolert på hotellet vis-à-vis det no notoriske Watergate-bygget. Årsaka var frykt for at den kjende sosietetskvinna skulle avsløra sin kjennskap om dei arresterte til pressa, og slik lysa opp spora som førte rett til Det kvite hus. Det er denne Watergate-historia det blir gjort maksimalt ut av i Robbie Pickerings og Matt Ross’ ferske tv-serie «Gaslit» (vist på Viaplay), med Julia Roberts i rolla som Martha Mitchell og Sean Penn som skurken ho var gift med.
Etterspela: Den kulturelle arven frå Watergate har trengt heilt inn i språket og samfunnspsyken og kome ut att i fiksjonsbøker og spelefilmar. Suffikset «gate» vart ein internasjonal standard for avslørte politiske løyndommar og dekkoperasjonar, som gjerne munnar ut i «mannefall». Og om ein ser tilbake på amerikansk populærkulturhistorie, vil ein sjå at den politiske paranoiaen og skepsisen til eigne styresmakter gjennomsyra Hollywood på 1970-talet. Thrillerekspert Alan J. Pakula, som òg skulle koma til å regissera «Alle presidentens menn», lanserte «The Parallax View» (1974), om eit innanrikspolitisk attentat, og Robert Redford gjekk frå rolla som Bob Woodward til ei anna konspirasjonsavslørande rolle i CIA-thrilleren «Three Days Of The Condor» (1975) av Sydney Pollack.

Med Watergate kulminerte ei aukande mistru til staten frå (kultur-)liberalt hald. Mistrua hadde vorte gradvis styrkt av politiets vald mot ungdomsopprøret, FBIs kriminalisering av borgarrettskampen, dei politiske morda på 1960-talet og dei akkumulerte presidentløgnene om den stadig meir upopulære Vietnamkrigen.
Då «CIAs» avlyttingsutstyr vart bore ut frå Watergate-bygget 17. juni 1972, var det både eit sjokk og ei stadfesting av ein konstitusjonsstridig kultur for overvaking av politiske opposisjonelle, som FBI-sjef J. Edgar Hoover hadde standardisert. Og då riksrettsprosessen mot Richard Nixon to år seinare fekk fram at jamvel presidenten hadde montert røystaktivert avlyttingsutstyr i Det ovale kontor, verka skiljet mellom fakta og fiksjon høgst filosofisk. Same år som Nixon – framleis som einaste president i USAs historie – gjekk av for å unngå å bli felt av ein riksrettsdom, var det premiere på Francis F. Coppolas no klassiske overvakingsthriller «The Conversation».
På 1980- og 90-talet vidareførte Oliver Stone den paranoide politiske thrilleren, ikkje minst i «JFK», medan Stones portrett av «Nixon» (1995) var meir psykologisk.
«Planen var kriminell frå første stund, men dekkoperasjonen skulle gjera alt verre»
Seinare har sjølve Watergate vorte handsama i alt frå «Frost/Nixon». Peter Morgans utmerka scenedrama om presidentens avslørande tv-intervju med talkshowstjerna David Frost vart filmatisert av Ron Howard i 2008. Og etter riksrettsprosessen mot Bill Clinton i 1998 greip regissør Andrew Fleming tilbake til Watergate i den reint fiktive komedien «Dick» (1999), der to tenåringsjenter på skoletur rotar seg bort i Det kvite hus, der dei blir hemmelege rådgjevarar for ein hardt pressa Nixon.
Den historiske handlinga i Steven Spielbergs «The Post» peikar framover mot det som skal koma, men filmen frå 2017 er sjølv eit produkt av den offentlege amerikanske samtalen etter Watergate, og eit prov på korleis seinare politiske kriser blir tolka, handterte og brukte.
I «The Post» kan vi høyra presidentens eiga røyst, med ord og ønskje som nærast er eit ekko av Trumps, der Nixon rasar mot pressa og vil bruka alle statens maktmiddel for å stoppa publisering av Pentagonpapira. Høgsteretts pålegg om at Nixon måtte frigje dei sjølvinkriminerande lydopptaka frå Det kvite hus («The Nixon White House Tapes»), var sentrale for riksrettsprosessen i Senatet. Det er eit hovudpoeng i Charles Fergusons nær fire og ein halv time lange dokumentar «Watergate» (2018) – kanskje den ultimate Watergate-filmen. Både Ferguson og Spielberg argumenterer (knapt implisitt) for at også Donald Trump må stillast for riksrett. Det førte som kjent ikkje fram i 2019 og vil truleg ikkje gjera det i dag (som konsekvens av dei pågåande høyringane om storminga av den amerikanske kongressen i 2021). Likevel viser 6. januar-høyringane den politiske krafta i direktesende tv-overføringar, for den som har regien på spørsmål og vitneføring. Også her la Watergate-skandalen malen, med alt det inneber for den politiske debatten.
Slutten? Mange gjorde karriere og forteneste på å dikta, rapportera eller fortelja om si direkte medverking i Watergate, inkludert dømde skurkar. Det gjorde ikkje nattevakta Frank Wills. Den første til å slå alarm, og den einaste svarte mannen i forteljinga. Wills notat i vaktloggen finst i USAs riksarkiv: «1:47 AM Found tape on doors; call police to make [an] inspection another inspection.»
I samband med premieren på «The Post» rekapitulerte The Washington Post Wills’ historie. Han var 24 år i 1972, tente 80 dollar veka på nattevaktjobben og budde i eit hybelhus. Etter å ha hatt 15 minutts kjendisstatus i 1972 (og spelt seg sjølv, ukreditert, i elleve opningssekund av «Alle presidentens menn») vart det stilt om at Wills sa opp jobben då han ikkje fekk lønsauke i 1973. Sidan sleit han med å få andre jobbar i Washington. Han reiste til South Carolina for å ta seg av si aldrande mor og budde livet ut i huset ho etterlét seg. Wills småjobbar dekte korkje innlagt vatn eller straum. Han døydde ifølgje The Washington Post «lutfattig» i 2000.
I sin nekrolog over Frank Wills skreiv den feira Watergate-avisa at han i 1983 vart arrestert for butikktjuveri av eit par joggesko til 12 dollar. Motsett Nixon, som vart benåda for sine konstitusjonelle brotsverk av etterfølgjaren Gerald Ford, vart Wills dømd til eitt års fengsel for skoa.
Den einaste som har uttrykt sinne over Frank Wills’ utelatne rolle i Watergate-avsløringane, er The Washington Posts kommentator Colbert I. King: «Were it not for Wills’ … There would have been no Pulitzer Prize for The Post, no image of a disgraced President Nixon waving goodbye before liftoff on Aug. 9, 1974.»