Ein velspelt, men litt klisjetung film for Rampling-fansen.
(Juniper, New Zealand, 2021)
Regi og manus: Matthew J. Saville.
Med: Charlotte Rampling, George Ferrier, Marton Csokas.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 34 min.
Vist på: Kino.
I takt med at kinopublikum har vorte eldre, har det kome fleire filmar om alderdom. Mange av desse handlar om å nyta sitt otium. Slik er ikkje filmane – eller i alle fall ikkje karakterane – Charlotte Rampling spelar (det er berre å sjå «45 år» (2015), «Hannah» (2019) og «Alt gikk fint» (2021)). Rampling har halde skodespelarmusklane sterke med å ta like krevjande og/ eller provokative roller, som gjorde henne både berømt og berykta i ungdommen («Nattportieren», 1974).