Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lengst

  • Frå barndomsheimen har eg kunne sjå opp på Alversundbrua. I overkant av 6000 bilar passerer brua kvar dag, eit tal som er ein god del høgare enn då brua opna i 1958. Nokre tunge køyretøy må køyre ein omveg og bruke ei anna bru på nordsida for å kome seg trygt til Radøy. I hundre år har bilane gjort det naudsynt med større og betre bruer. Det er lenge sidan det var nok med vegar frå gardane og ned til nausta og dampskipskaiar.