Aina Basso Kristian Krohg-Sørensen (Ill.)
Dei dødsdømde
Sakprosa for ungdom
Samlaget 2022, 134 sider
Sakn: Historia om Miri er mjuk og trygg, men burde vi ikkje bli betre kjent med bestefar?
Bestefar og Miri
Barnebok
Cappelen Damm 2022, 48 sider
På første side i Mariell Øyres barnebokdebut blir tematikk og stemning slått tydeleg an: Miri sit på rommet sitt med attlatne auge og kjenner på små skattar ho har samla i ei settekasse på veggen. Ut ifrå eikenøtta ho held i handa, strøymer det ei minneboble som viser staden der ho fann nøtta: «Om ho lukkar auga, kan ho hugsa nøyaktig kva ho gjorde då ho fann dei.» Her skal det handle om det som er nært og fjernt på same tid – om minne og det som ofte følgjer dei: lengsle og sakn.