Lenge var pressedekkingaav filmfestivalen i Cannes dominert av dei berrbrysta kvinnene som, i von om å bli «oppdaga», sola seg ved strandpromenaden der regissørane spaserte. Fenomenet er illustrerande for seigliva kjønns- og maktforhold i bransjen. Filmmarknaden i Cannes var også ei av jaktmarkene til Harvey Weinstein, og jamvel etter 2017s metoo-jordskjelv heldt festivalen fast på høge hælar som det einaste akseptable fottøyet for kvinner på den raude løparen. No vart det likevel rekna som skandaløst at Cannes kunne presentera program med så få som tre kvinnelege filmskaparar i konkurransen.
Kvinneopprøret i filmindustrien har trekt seg tilbake til lerretet.