Vi har alle vårt
Livet er ikkje lineært, og brått kan det skje ting som snur rundt på alt.
The Krumple og Teater Innlandet, Tynset kulturhus
Av: The Krumple.
Regi: Vincent Vernerie og ensemblet.
Scenografi og kostyme: The Krumple.
Koreografisk bistand: Catherine Béziex.
Med: Vincent Vernerie, Oda Kirkebø Nyfløtt, David Tholander, Léna Rondé og Maja Bekken.
Misunn ingen det skin av lykke han eig, for du kjenner ikkje hans løynde sorger, heiter det i eit gamalt ordtak. Slik tenker eg etter å ha sett «MEGAMEGA», ei uvanleg assosiasjonsrik framsyning som er ein samproduksjon mellom The Krumple og Teater Innlandet. I eit fysisk og leikent teaterspråk med fullt av overraskingar gir dei oss på illustrerande og opplevingsrikt vis fem heilt kvardagslege lagnadar som bør vere til å kjenne seg att i for dei fleste.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent