Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I kveld er det mogleg å sjå festival-snakkisen «Navalny» i Oslo.

Kreml-krim

RINGER ATTENTATMANN: Aleksej Navalnyj får sine attentatmenn til å snakka til medarbeidar Maria Pevtsjikhs undring. FOTO: DOGWOOF

Politisk krim på direkten framfor kamera.

(USA, 2022)

Regi: Daniel Roher

Med: Aleksej og Julia Navalnyj, Maria Pevtsjikh, Christo Grozev

Språk: Engelsk/russisk, uteksta

Sjanger: Dokumentar

Lengde: 1 t. 38 min.

Vist på: Oslo Dokumentarkino på Vega kl. 18.00 i kveld. Kjem på HBO Max.

«Eg trudde at kjendisstatusen ville gje meg betre tryggleik», seier den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj til den kanadiske dokumentaristen Daniel Roher. «Der tok du kraftig feil», konstaterer filmskaparen. «He, he. Ja, det gjorde eg», gliser Navalnyj breitt. Intervjuet er gjort medan han var rekonvalesent i Tyskland vinteren 2021, etter så vidt å ha overlevd novitsjokforgifting i Russland den 20. august 2020.