Du kan bla til neste sideBla med piltastene
  • Gutegjengen bak sexmeldinga som tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete mottok i 2015, er i vinden om dagen. Den møter både framgang, motbør og nokre tilbakeslag. Blodspakta som gjer at alle ti har klart å halde tett om kven som skreiv meldinga, har kanskje gjeve dei verdifulle røynsler i å stå imot press når det stormar som verst.
  • Det kjem nok godt med for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Delar av det byråkratiske sjiktet i sektoren tykte nok at det var ganske irriterande at Moe overstyrte leiinga ved Nord universitet og opna opp att ei lærarutdanning på Nesna. Endå verre tykkjer dei nok det er at han set bremsene på for det nye universitetsområdet i Trondheim, og at han sparkar heile forskingsrådet. Statsråden er rett og slett i ferd med å bli ganske kontroversiell i eigen sektor, men det er vel ikkje sikkert at han mistrivst så veldig med det.
  • Også forsvarsminister og hyttegjest Bjørn Arild Gram har krevjande dagar. Han må jo stå opp mot sjølvaste Vladimir Putin. Overgangen frå kommunalministerposten skjedde som kjent etter at Odd Roger Enoksen måtte gå av grunna detaljane i eit kjærasteforhold som oppstod etter at han fann tonen med ei ung jente som var på skulebesøk på Stortinget. Enoksen var ikkje med på hytteturen.
  • Det var Ivar Vigdenes, som ønskjer å trekkje seg som ordførar i Stjørdal. Om kommunestyret skal innfri ønsket til Vigdenes om å få fritak, må han etter kommunelova syne at det ikkje er mogleg for han å skjøtte vervet «uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning». Ifølgje han sjølv skjer det fordi kona ventar born nummer to, og at førre svangerskap var krevjande.