PÅ REISEFOT: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) besøker bedrifter i Notodden. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) drar til Kristiansand for å møte aktører tilknyttet havvindsatsingen. Fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) deltar på Ocean Week og Siva-konferansen i Trondheim. Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) holder innspillsmøte om kunstnermeldingen. Mona og Monica (her ved sanger Zetterlund) er dagens navn. RR
Renner
- «Kalkulator-Trygve». Man kan lure på om det er en fornærmelse eller et kompliment, men merkelappen er uansett Frp-leder Sylvi Listhaugs beskrivelse av finansministeren. Hun mener Trygve Slagsvold Vedum (Sp) totalt har bommet i beregningene av hvor mye penger en barnefamilie trenger til mat. Vedum hadde tatt på seg ministermine og bedyret at vi vil få økt kjøpekraft i år, til tross for at alle tegn peker i stikk motsatt retning med dyrere mat, strøm, bensin, renter og you name it.
Bondeleiarar spår regjeringskrise utan ein jordbruksavtale dei er nøgd med:
Set grensa på ti milliardar

VIK IKKJE: Fleire bondelagsleiarar meiner staten må bla opp rundt ti milliardar kroner for at bøndene skal setta seg ved forhandlingsbordet.
I morgon kjem staten med eit mottilbod til det rekordhøge kravet frå Noregs Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag i jordbruksforhandlingane.
Bøndene krev ein jordbruksavtale med ei ramme på 11,5 milliardar kroner, der åtte går til å dekka kostnadar.
– Den absolutt minste ramma me kan godta for å gå til forhandlingar, er ti milliardar, sett at innretninga staten har, er så treffsikker at det blir ansvarleg.
Det seier leiaren for Bonde- og Småbrukarlaget i Sogn og Fjordane, Hanne Bjerkvik.
Klassekampen har snakka med ei rekke av fylkesleiarane i Småbrukarlaget og Bondelaget. Dei seier avstanden mellom kravet og tilbodet frå staten må vera minimal for at det skal bli forhandlingar.
I fjor braut bøndene, og landbruksavtalen blei vedtatt av Stortinget utan semje mellom landbruket og regjeringa.
– Tilbodet bør vera over ti milliardar. Men for å setta seg til bordet snakkar me over ni, seier Tone Rubach, fylkesleiar for Bondelaget i Troms, som driv med sau og ammeku.
– Eit minimum bør vera på mellom ni og ti milliardar, seier Jens Olav Hov, fylkesleiar for Småbrukarlaget i Sør-Trøndelag.
– Eg er klar på at det me har kravd, er eit minimum som me må ha, seier fylkesleiar for Småbrukarlaget i Nord-Trøndelag Åse Helene Monsø.
Fare for regjeringskrise
Med Senterpartiet i Landbruksdepartemenet er forventningane høge til regjeringa. For partiet, som har falle som ein stein på meiningsmålingane, er den politiske konsekvensen stor om dei ikkje innfrir, trur fleire av bondelagsleiarane.
– Dersom ikkje Sp får med seg Ap på å hosta opp det som er heilt naudsynt, så har me ei regjeringskrise, seier Rubach.
Stein Brubæk, fylkesleiar for Småbrukarlaget i Møre og Romsdal, og sjølv kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Gjemnes kommune, peiker på at partiet er nede på grunnfjellet no.
– Eit dårleg oppgjer og krangel med faglaga betyr at dei enten må ut av regjering, eller så er dei under sperregrensa, seier han.
Han er klar på kva som må til for at bondelaga skal gå til forhandlingsbordet.
– Eg meiner at kravet frå faglaga er ferdig pruta.
Lit ikkje på Stortinget
Fylkesleiar Knut Erik Ulltveit i Agder Bondelag vil ikkje peika på eit konkret tal, men gjer det klart at lista ligg høgt:
– Eg har ekstremt store forventningar. Kravet som er gitt, treff bra. Tilbodet bør vera i nærleiken av det, seier Ulltveit, som sjølv driv med ammeku og honning.
«Stortinget må ha ballar nok til å handtera kjedebaronane som sender skjortesnippane til London for stiving»
— STIG ARILD HELGESEN, FYLKESLEIAR I SMÅBRUKARLAGET I ROGALAND
Stig Arild Helgesen, fylkesleiar i Småbrukarlaget i Rogaland, fortel om dystre framtidsutsikter.
– Eg har vore med på dette i 40 år. Dei aller fleste eg snakkar med, har ein plan B for å avvikla drifta.
Men det kan kosta dyrt.
– Den einaste måten for dei med høg gjeld, er skifteretten. Men då ryk heimane deira.
Helgesen, som driv med sau, er samd i at tilbodet må ligga tett opp mot kravet.
– Viss ikkje så har me ikkje noko å forhandla om, slik eg opplever det, seier han.
Bondelaga finansierer kravet i hovudsak gjennom overføringar frå staten. 1,5 milliardar skal dekkast inn gjennom prisauke.
– Kunne de tatt ut meir i auka prisar?
– Det er heilt openbert at me kunne gått lenger. Men då må Stortinget ha ballar nok til å handtera kjedebaronane som sender skjortesnippane til London for stiving, seier Helgesen om eigarane for dei store matvarekjedene.
Jon Nikolaisen er fylkesleiar i Småbrukarlaget i Finnmark. Han meiner også det er minimalt å gå på, men seier bøndene må i forhandlingar.
– Uansett kva staten kjem med av tilbod, så må me i alle fall sondera. Me må setta oss ned og ta ein prat og sjå om det er noko. Me kan ikkje bryta på direkten. Det er ikkje sikkert det er lettare å få til noko i Stortinget, seier mjølke- og sauebonden i Porsanger, som også sit i kommunestyret for Sp.