Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skaparane av «The Wire» viser at narkokrigen også øydelegg USAs politi.

Kan politiet bergast?

MED BATONGEN KLAR: Ein av handlingstrådane i «We Own This City» studerer sosialiseringa av den nyutdanna Wayne Jenkins (Jon Bernthal) inn i systemisk politikorrupsjon. FOTO: HBO MAX

Vellaga og viktig, men litt for likt ein vanleg politiserie.

(USA, 2022)

Serieskaparar: George Pelecanos og David Simon, etter ei bok av Justin Fenton.

Regi: Reinaldo Marcus Green.

Med: Jon Bernthal, Wunmi Mosaku, Darrell Britt-Gibson, Jamie Hector, Josh Charles.

Sjanger: Politidrama.

Lengde: 6 x 50 min.

Vist på: HBO Max.

«Defund the police» – kutt finansieringa av politiet. Det var eitt av demonstrasjonsropa etter politidrapet på George Floyd 25. mai 2020. Slagordet splitta forståeleg nok dei mange som kravde reaksjonar på drapet, men ropet var langt frå så irrasjonelt som det først lyd. Det provar blant anna historia bak «We Own This City».