Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trolldomsverda er vakker, men handlinga har for mykje Hexus Historicus.

Rektors mørke ungdom

MAGISKE LANDSKAP: Jude Law gjer seg godt i rolla som den unge Albus Humlesnurr. Her nyttar han tryllestaven som ein tredimensjonal målarpensel. FOTO: SF NORGE Courtesy of Warner Bros. Pictures

Mellomkrigstida blir mana fram att i eventyr om propaganda, rasisme og forboden kjærleik.

(Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore, USA/England, 2022)

Regi: David Yates

Manus: J.K. Rowling og Steve Kloves

Med: Eddie Redmayne, Jude Law, Mads Mikkelsen, Ezra Miller, Alison Sudol, Dan Fogler, Callum Turner, Jessica Williams

Sjanger: Mørkt eventyr

Aldersgrense: 12 år

Lengde: 2 t. 22 min.

Vist på: Kino

J.K. Rowlings spektakulæresuksess med Harry Potter-bøkene var med på å endra kinofilmen på 2000-talet. Familiefilmar vart prestisjefilmar, produksjonsbudsjetta sprengde milliardgrensa, og «serialisering» av fantasy-bøker og teikneseriar har sidan vorte stadig viktigare i konkurransen mot strøymetenester og tv-seriar.