RAUS: Medan statsministeren og finansministeren ber folk senke forventningane, ber landbruksministeren bøndene forvente eit godt oppgjer.
Høge prisar på straum, drivstoff og gjødsel gjer situasjonen for mange bønder prekær. Samstundes manar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til forsiktigheit og seier at faren for inflasjon og krigen i Ukraina gjer at delar av det som står i Hurdalsplattforma ikkje blir gjennomført.