KAMPKLAR: Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad er klar på at forsvarsdebatten ikkje snur av seg sjølv. – Men eg trur vi får ei fornya debatt som kjem til å resultere i ting som skjer raskt og på kort sikt, og at det slår inn i den meir langsiktige debatten. Det er eg ganske overtydd om. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Foto: Tom Henning Bratlie
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad meiner at norsk forsvarspolitikk i 30 år har vore for fokusert på spesialoppdrag, og at invasjonen av Ukraina må bli starten på ei reorientering i retning av eit forsvar som gjer at norske styrker kan forsvare landet vårt.
– Invasjonen syner at fysiske grenser er viktige. Å kunne forsvare sitt territorium er viktig. Vi kan snakke om cyberforsvar, men når alt kjem til alt, så handlar framleis krig og invasjon om fysiske barrierar og evne til å forsvare sitt territorium, seier Arnstad og held fram:
– Eg trur denne invasjonen kjem til å bety noko for det norske Forsvaret. Eg trur det kjem til å få betydning når det kjem til å forsterke landforsvaret, særleg hær og heimevern, og særleg i Nord-Noreg. Eg trur det kjem til å bety noko for materiell og øvingar, seier ho.
Krisepakke i Stortinget
I dag legg statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fram ei oversikt over Noregs bidrag til Ukraina så langt. Samstundes er det varsla ei forsterka satsing på Forsvaret. Ein breiare krisepakke skal ifølgje NRK innehalde pengar til militære øvingar, heimevern og overvaking av havområda i nord.
Arnstad trur dette berre blir byrjinga.
– Det vi ser no under denne invasjonen, er at uthaldenheit og mobiliseringsevne faktisk betyr noko. Det betyr meir enn det mange militære strategar har gitt uttrykk for dei siste 20–30 åra. Etter 1990 så skulle alt bli forandra. Då skulle vi ikkje tenkje forsvar på same måte som vi gjorde, og dermed har vi heile vegen redusert betydninga av eit territorielt forsvar.
– Men Nato er framleis mykje sterkare enn Russland, og dei vil jo forsvare oss om vi blir invadert av Russland?
– Det er ikkje noko motsetnad mellom vår rolle i Nato og eit nasjonalt forsvar. Vi er Natos flanke i nord. Det vil vere til fordel for Nato at vi aukar bidraga til alliansen, men også at vi byggjer opp vår forsvarsevne. Det er ikkje nokre andre som kjem til å ta den oppgåva med å vere til stades i nord, seier Arnstad.
Store manglar
Tysdag denne veka la Forsvarets forskningsinstitutt fram «Forsvarsanalysen 2022». Der blir der konkludert med svakheiter i forsvaret, mellom anna at «dagens struktur har sårbarheiter innan overvaking, kommunikasjon, luftvern, beredskap og uthaldenheit».
I går uttalte forsvarssjef Eirik Kristoffersen til VG at han har behov for tiltak som gjev rask effekt. Han peikte på at auka løyver til forsvar i første rekke bør bli brukt på å auka beredskapslageret av utstyr og til at særleg hæren og heimevernet øver meir.
I eit intervju med Klassekampen tysdag var leiar i Norsk Offisersforbund Torbjørn Bongo tydeleg på at løyvingane til Forsvaret må opp, fordi behova er store:
«Avgjerdene om å satse berre i den spisse enden har gått for langt»
— MARIT ARNSTAD, PARLAMENTARISK LEIAR I SENTERPARTIET
– Det gjeld ammunisjon, våpen, personlege klede og reservedelar til fly, fartøy og for så vidt også drivstofflager. Det handlar om å ha nok til å kunne drifte eit forsvar lenge nok til at vi får hjelp, sa Bongo.
Arnstad gjev eit klart signal: Det har gjennom åra blitt ein ubalanse mellom satsinga på landforsvar og satsinga i dei spissa delane av Forsvaret.
– Avgjerdene om å satse berre i den spisse enden har gått for langt, seier ho og held fram:
– Det er difor Sp over fleire år har sagt at vi er nøydde til å styrke hæren, styrke heimevernet, og at vi er nøydde til også å tenkje på meir personell, ikkje berre utstyr og materiell.
Naboskapet til Russland
Sjølv om Arnstad og Senterpartiet no vil ruste opp for å gjere oss i stand til å forsvare oss frå ein invasjon frå Russland, så trur ho ikkje at vi kan kutte alle band til nabolandet.
– Vi har ein felles ressursforvaltning som har vore vellukka, og det må vi prøve å ta vare på. Vi må og forholde oss til russarane på Svalbard. Vi har nokre kontaktflater med Russland som ikkje andre europeiske land har. Det gjer ting litt meir komplisert, men det gjer og at vi er nøydde til å gå opp grensegangane på ein litt annan måte enn til dømes Danmark kan gjere, seier Arnstad, men legg til:
– Om alt kjem tilbake til slik det var, det er eg veldig usikker på, for det kjem an på kva som skjer dei neste dagane og månadane.