Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dugnad

  • Det går ei soge heime om nokre karar som hadde ein teig dei ikkje fekk brukt til noko særleg. Dei fekk den glupe ideen å plante grantre der, som dei nokre år seinare kunne selje som juletre. Så gløymde dei sjølvsagt heile greia og kom på det eit tiår seinare. Då var trea vortne altfor store til å dra inn i noko hus og ikkje særleg brukande. Det er ein artig anekdote, men treplanting er slett ingen spøk i mange delar av landet.